Har du interesse for godt innhald og framtidsretta kommunikasjon? Bli vår nye kommunikasjonsrådgivar då vel!

Har du interesse for godt innhald og framtidsretta kommunikasjon? Bli vår nye kommunikasjonsrådgivar då vel!

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Kommunikasjonsrådgivar
Arbeidsgiver:
ENIVEST AS
Sted:
FØRDE
Søknadsfrist:
Snarest

Kontakt konsulent

Per Jorem

Partner / Daglig leder Capus Bergen

Johanne Hammerlund

Rådgiver Research & Analyse
Er du ein kreativ og strategisk tenkar som brenn for det gode bodskapet? Ønsker du å vere ein del av eit dynamisk og veksande teknologiselskap? Då har vi den perfekte moglegheita for deg! Enivest er eit framoverlent teknologiselskap i sterk utvikling. Vi strekkjer oss langt for kundane våre, og jobbar med kvalitet i alt vi gjer. Til marknadsteamet vårt søker vi no etter ein kreativ og operativ kommunikasjonsrådgivar!

Som kommunikasjonsrådgivar hos Enivest vil du spele ei sentral rolle i å skape og distribuere engasjerande innhald som styrker og bygger merkevara vår, og tiltrekker nye kundar. Du vil samarbeide tett med resten av marknadsføringsteamet vårt for å utvikle strategiar som driv vekst og synlegheit på tvers av alle kanalar. Di evne til å identifisere og formidle kjerneverdiane våre gjennom konsistent og strategisk kommunikasjon vil vere avgjerande for vår suksess. Vi søker derfor deg som kan utnytte krafta i kanalane våre for å auke synlegheit, og bygge engasjement blant både eksisterande og nye kundar både i privat og bedriftsmarkedet. Stillinga rapporterer direkte til marknadssjefen i Enivest.

Arbeidsoppgåver:
  • Skape engasjerande og relevant innhald for våre digitale plattformer, inkludert nettsider, app, nyheitsbrev og sosiale medier
  • Skape engasjerande og relevant innhald for våre eksterne kanaler i form av god innhaldsmarknadføring
  • Utvikle og implementere innhaldsstrategiar som støttar våre marknadsføringsmål
  • Samarbeide tett med resten av marknadsføringsteamet for å sikre konsistent og heilskapleg kommunikasjon på tvers av alle kanalar
  • Nyttiggjere SEO-prinsipp for å optimalisere innhald for søkemotorar
  • Analysere innhaldsprestasjonar og bruke data til å forbetre framtidige innhaldsstrategiar
  • Følgje med på trendar og beste praksis innan marknadsføring og innhaldsproduksjon
  • Utvikle og administrere digitale kampanjar for å auke synlegheit og engasjement
  • Arrangere og delta på events, både interne og eksterne

Vi ser etter deg som har høgare relevant utdanning eller relevant erfaring, og som er engasjert i å fremje bodskap. Som person er du nysgjerrig og proaktiv, og kjem lett i kontakt med andre for å finne dei gode historiene. Du trivst med ein kreativ kvardag, og evnar å ta sjølvstendig ansvar og drive prosjekter framover. For å lykkes i rollen har du god forståing for kommunikasjon og merkevarebygging, i tillegg til svært gode skriveferdigheiter. Erfaring med grafisk design eller videoproduksjon vil vere ein fordel.

Vi tilbyr:
  • Eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Moglegheit til å vere med og forme merkevara og omdømme vårt
  • Konkurransedyktige vilkår og gode utviklingsmoglegheiter
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor

Søknadsfrist: Snarest
Arbeidsplass: Førde, Sunnfjord

For meir informasjon er du velkomen til å kontakte Capus AS ved;
Partner & Rådgivar Per Jorem + 47 40021560 eller
Rådgivar Research & Analyse Johanne Hammerlund +47 95 21 17 20.
For å bli vurdert til stillinga må du søkje via linken «Søk på stillinga».

Om arbeidsgiveren

Enivest AS vart skipa i år 2000, og er i dag eit teknologiselskap i sterk positiv utvikling som leverer internett og tv-og strøymetenester til privat- og bedriftsmarknaden. Hovudaksjonærane våre er Eviny og SFE. Vi er 60 tilsette med hovudkontor i Førde. Vi har avdelingskontor i Florø, Sogndal, Sandane, Tysnes og Etne. Målt etter tal kundar og omsetnad er Enivest AS den største IKT verksemda i Sogn og Fjordane.

Sjå meir på www.enivest.no

Våre konsulenter

Per Jorem

Partner / Daglig leder Capus Bergen

Johanne Hammerlund

Rådgiver Research & Analyse

Søk på stillingen