Kommunalsjef Samfunn og Næring

Kommunalsjef Samfunn og Næring Company Logo
Me søker ein utviklingsorientert og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av tenesteområde samfunn og næring i Hjelmeland kommune.
 
Som kommunalsjef samfunn og næring får du ei nøkkelrolle i kommunen si leiargruppe, og blir ansvarleg for viktige tenester retta mot innbyggjarane. Du skal leie eit breitt fagfelt med rundt 40 tilsette og eit budsjett på om lag 50 millionar kroner. Dette er ei spanande stilling for deg som vil kombinere strategisk leiing med konkret samfunnsutvikling.
Vår nye kommunalsjef må vere ein tydeleg og inspirerande leiar med fokus på utvikling og resultat. Rolla krev gode evner til å bygge relasjonar og kommunisere klart.

 Arbeidsoppgåver:
  • Utvikle og leie kommunen sine tenester til innbyggjarane innan næring og landbruk, bygg og eigedom, plan og byggesak, stadsutvikling, kultur, informasjon og innbyggjardialog
  • Ansvar for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet innanfor kommunale planar, budsjett og gjeldande lov- og regelverk
  • Overordna fag-, økonomi- og personalansvar
  • Ansvar for strategisk leiing av eige område og delta i kommunedirektøren si leiargruppe for å fremje kommunen si utvikling

Kravspesifikasjonar:
  • Høgare relevant utdanning
  • Gode leiarerfaringar
  • God økonomiforståing, og erfaring med budsjett- og økonomistyring
  • Innsikt i ansvarsområdet, næringslivet og samspel mellom politikk og administrasjon
  • Digital forståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Me tilbyr ei spanande leiarstilling i ein organisasjon med dyktige tilsette og med gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i kommunen og i organisasjonen.
Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste.
Send oss din søknad med CV senast 23 oktober . 
Vi les og vurderer fortløpande. Ved spørsmål, kontakt vår rådgjevar hos Capus, Per Jorem (+47 400 21 560).
 


 

Om arbeidsgiveren

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Kommunalsjef Samfunn og Næring
Arbeidsgiver:
HJELMELAND KOMMUNE
Sted:
HJELMELAND

Kontaktpersoner

Per Jorem

Partner / Daglig leder Capus Bergen
Søk på stillingen