
Er du vår nye Plan og forvaltningssjef?

Hjelmeland kommune søkjer ein engasjert og strategisk sterk plan- og forvaltningssjef som ønskjer å bidra til berekraftig utvikling, god arealforvaltning og heilskapleg samfunnsplanlegging. Vår noverande plan- og forvaltningssjef går av med pensjon, og vi søkjer no hennar etterfølgjar. Dette er ei sentral og spennande leiarstilling i Hjelmeland kommune, der du får høve til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet, der omstilling og utvikling står sentralt i arbeidet vårt framover.
Som plan- og forvaltningssjef vil du leie eit kompetent fagmiljø med ansvar for arealplanlegging, byggjesak, kart og oppmåling, miljø, landbruk og eigedomsforvaltning. Stillinga gir deg ein unik moglegheit til å arbeide strategisk og tverrfagleg med viktige samfunnsutfordringar. Du vil jobbe tett saman med politikarar, næringsliv, innbyggjarar og andre einingar i kommunen.
Stillinga ligg under området Samfunn og Næring , og rapporterar til kommunalsjef Samfunn og Næring.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Send oss din søknad med CV senast 29 august. Ikkje utsett å melde din interesse til tross for sommarferien. Vi leser og vurderer fortløpande. Ved spørsmål, kontakt vår rådgjevar hos Capus, Per Jorem (+47 400 21 560).
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2681 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1068 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
En av våre konsulenter vil ta kontakt med deg
22 94 11 00 / adm@capus.no
Phone
22 94 11 00
E-mail
adm@capus.no