Key information
Job title:
Kommunedirektør
Employer:
ÅRDAL KOMMUNE
Place:
ÅRDALSTANGEN
Application deadline:
11.11.2024
Contact consultant
Åslaug Krogsæter
Kommunedirektør for Årdal kommune
Årdal kommune søkjer dyktig kommunedirektør som ynskjer å leie kommunen vår inn i framtida. Stillinga gir deg spanande og utfordrande arbeidsoppgåver som gir deg moglegheita til å forme ein organisasjon i stadig utvikling. Teknologibygda Årdal er eit vekstsamfunn med god trivsel og gode tenester for innbyggjarane. Det er ynskjeleg at vår nye kommunedirektør deler verdiane i organisasjonen vår og i lokalsamfunnet vårt og som brenn for heilskapleg drift i ei krevjande tid.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og gjennomføre strukturelle endringar/omstillingar for å kunne tilpasse kommunen sitt driftsnivå i samsvar med økonomiske rammer og felles mål
- Utvikle godt samspel i eigen organisasjon og samarbeid med tillitsvalde
- Utvikle godt samarbeid mellom administrasjon og politikk.
- Effektiv iverksetting av politiske vedtak med god oppfølging og evaluering
- God økonomistyring
- Sikre god kommunikasjon internt og til innbyggjarane
Me søkjer etter ein toppleiar med følgjande kvalifikasjonar:
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå eller tilsvarande innafor relevante fagområde for kommunal forvaltning
- solid leiarerfaring (frå offentleg og/eller privat verksemd)
- god økonomiforståing
- handlings- og løysingsorientert
- god relasjonskompetanse og gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- erfaring frå omstillingsarbeid er ynskjeleg
Me ynskjer ein toppleiar som er:
- tydeleg, strukturert og samtidig inkluderande med god evne til å skape tryggleik og motivasjon for omstilling
- i stand til å vidareutvikle og styrke eiga leiargruppe og sikre ein effektiv organisasjon
- handlings-, resultat- og løysingsorientert, med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk
- samfunnsengasjert med evne til å sjå verdiane, utfordringane og moglegheitene som ligg i kommunen og regionen
Vårt verdigrunnlag:
Årdal kommune har valt fylgjande verdiar som styrande for arbeidsgjevarpolitikken:
Lojalitet, Dialog, Openheit, Delegering, Medverknad
Verdiane skal vere styrande for korleis me møter våre brukarar, innbyggjarar og kvarandre som tilsette i Årdal kommune.
Årdal kommune tilbyr
- Ei spanande direktørstilling
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
- Moglegheiter for personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen
- Hjelp til å skaffe bustad
Er du interessert i ei spandane toppleiarstilling? Ta kontakt med Capus ved Per Jorem på tlf. 400 21560 eller Åslaug Krogsæter på tlf. 909 13 333. Du kan også ta kontakt med ordførar Christian Sønstlien på tlf. 476 65 262. Søknadsfrist er 11.11.2024. CV og søknad kan du laste opp på Capus