
Vi søkjer Dagleg leiar!

Fjordvegen Riksveg 13 søkjer ein engasjert og målretta dagleg leiar i 70% stilling, supplert med 30% stilling som seniorrådgjevar i eit av dei tre regionråda Ryfylket iks, Hardangerrådet iks eller Sognarådet IPR.
Søkjar kan fritt velje eit av tre regionråd som kontor og arbeidsstad.
Om Fjordvegen Riksveg 13 og regionråda
Fjordvegen Riksveg 13 er ei medlemsforening beståande av Rogaland og Vestland fylkeskommune, 11 kommunar/herad, 3 regionråd, verksemder og organisasjonar langs riksveg 13. Arbeidet er retta mot to hovudmål:
1. Oppgradering og vedlikehald av riksvegen for å sikre ein trygg og standardisert veg gjennom heile strekninga.
2. Marknadsføring av vegen som ei effektiv og vakker transportåre, samt som den indre stamvegen mellom Stavanger og Sogndal.
Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønskjer å bu og arbeide.
Hardangerrådet iks skal styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid mellom likeverdige partar, og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.
Sognarådet har som mål å styrke regionen Sogn som ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøke. Gjennom samarbeid om rekruttering, infrastruktur, omstilling og felles profilering, skal Sognarådet bidra til berekraftig utvikling og det gode liv for innbyggjarane og besøkjande.
Om stillinga
Vi ser etter ein leiar med relevant utdanning og erfaring, som i tett samarbeid med styret vil arbeide for utviklinga av riksveg 13, som strekkjer seg frå Stavanger til Sogndal.
Stillingsprosenten er fordelt slik:
Vi søkjer deg som har erfaring og kompetanse innan politisk og offentleg påverknad, leiing og prosjektadministrasjon. Det er ein fordel om du har kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale prosessar innan veg og samferdsel.
Dagleg leiar rapporterer til styret i Fjordvegen Riksveg 13.
Stillings som seniorrådgjevar rapporterer til dagleg leiar i regionrådet.
Arbeidsoppgåver
En av våre konsulenter vil ta kontakt med deg
22 94 11 00 / adm@capus.no
Phone
22 94 11 00
E-mail
adm@capus.no