Bli med å bygge grunnmuren i det digitaliserte samfunnet – vi søkjer Key Account Manager!

Bli med å bygge grunnmuren i det digitaliserte samfunnet – vi søkjer Key Account Manager!

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Key Account Manager
Arbeidsgiver:
ENIVEST AS
Sted:
FØRDE
Søknadsfrist:
13.08.2024

Kontakt konsulent

Per Jorem

Partner & Rådgivar

Johanne Hammerlund

Rådgiver Research & Analyse
Enivest har ein sterk posisjon i bedriftsmarknaden, med eit breitt spekter av kundar frå enkeltmannsføretak og SMB-ar til internasjonale konsern. I tillegg har vi ein solid posisjon innan kommunal og offentleg sektor.

Vi søkjer deg som vil vidareutvikle dette marknaden og styrkje vår posisjon. Som Key Account Manager hos Enivest vil du spele ei sentral rolle i å styrkje våre kundeforhold, drive inntektsvekst og sikre høg kundetilfredsheit. For å lukkast i rolla, er det avgjerande at du forstår kundereisa og marknaden. Det er viktig at du alltid er oppdatert på kva kundane forventar når det gjeld produkt, pris og oppfølging. Som Key Account Manager får du ei nøkkelrolle i å bringe teknologi og relevante produkt til bedriftsmarknaden. Stillinga rapporterer direkte til Kundesjef i Enivest, og du vil ha ei nøkkelrolle i selskapet.

Eit utval av arbeidsoppgåver du vil få hos oss:
  • Budsjett- og resultatansvar for nye og eksisterande kundar
  • Sikre god oppfølging og utvikling for nye og eksisterande kundar
  • Tett og strukturert oppfølging av samarbeidspartnarar
  • Bidra til å utvikle selskapet si bedriftssatsing ved å identifisere og realisere nye moglegheiter
Kven er du?
Vi er på jakt etter deg som har relevant bakgrunn innan strategisk og offensivt sal og marknadsarbeid og som kan vise til gode resultat. Du trives med å ta både raske beslutninger og holde i lengre prosesser.  Det er ein forutsetning at du har erfaring  med sal og kundeforvalting frå Bedriftsmarknaden. Du treng ikkje å kome frå bransjen, men det er viktig at du er nysgjerrig på teknologi og korleis den kan nyttast i vidare utvikling. Vi trur du kjenner deg att i fleire av punkta under:
  • Høgare utdanning innan leiing, sal og marknadsføring. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanning
  • God økonomiforståing
  • God IKT-kunnskap, erfaring med bruk av CRM- og salgsoppfølgingssystem
Personlege eigenskapar:
Vi ser for oss at du evnar å tenkje strategisk og sjå moglegheiter der andre ser utfordringar, samtidig som du må like å arbeide med det operasjonelle. Du må vere framoverlent, resultatorientert og ein «doer». Vi tar det som sjølvsagt at du er god til å kommunisere og formidle, både eksternt og internt. Det er også viktig at du:
  • er målretta, uredd og skaper gode resultat
  • har ein indre motor for å levere resultat
  • arbeider strukturert og har stor gjennomføringsevne
Dette får du hos oss:
Dette er ei svært spennande stilling med mykje ansvar hos ein aktør som er leiande i sin bransje. Tenestene og produkta Enivest tilbyr er samfunnsaktuelle- og kritiske. Enivest er eit solid selskap i ein bransje i spennande utvikling. Bli med på laget da vel!

Søknadsfrist: 13.august 2024
Arbeidsplass: Førde, Sunnfjord

For meir informasjon er du velkomen til å kontakte
Capus AS ved
Partner & Rådgivar Per Jorem + 47 40021560 eller
Rådgivar Research & Analyse Johanne Hammerlund +47 95 21 17 20.
For å bli vurdert til stillinga må du søkje via linken «Søk på stillinga».
 

Om arbeidsgiveren

Norges Enivest AS vart skipa i år 2000, og er i dag eit teknologiselskap i sterk positiv utvikling som arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV, lagringsteneste, telefoni med meir. Hovudaksjonærane våre er Eviny og Sogn og Fjordane Energi AS. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontor i Førde og ved avdelingskontora på Sandane og i Sogndal. Målt etter tal kundar og omsetnad er Enivest AS den største IKT verksemda i Sogn.

Sjå meir på www.enivest.no

Våre konsulenter

Per Jorem
Partner & Rådgivar

Johanne Hammerlund

Rådgiver Research & Analyse

Søk på stillingen