Spennande stilling som leiar for Ulvik omsorgstun!

Spennande stilling som leiar for Ulvik omsorgstun!

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Leiar
Arbeidsgiver:
Ulvik kommune AS
Sted:
ULVIK
Søknadsfrist:
28.08.2024

Kontakt konsulent

Per Jorem

Partner og Daglig leder Capus Bergen

Om stillinga 

Som leiar for Ulvik omsorgstun har du ansvar for rundt 25 fast tilsette. Dei er dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og ufaglærte. I tillegg har du ansvar for tildelingskontor med 2 tilsette, og ergoterapeu. Tenestene våre er gode og me får gode skussmål frå både bebuarar og pårørande. Du blir del av eit fagmiljø på Ulvik omsorgstun med to andre mellomleiarar. Stillinga rapporterer til kommunalsjef helse og velferd. Leiarteamet i helse og velferd jobbar tett saman for å løyse dei utfordringane dei kommunale helsetenestene i Ulvik står ovanfor no og i framtida. Eininga deltek for tida i KS-prosjektet TØRN, og det er gjort mykje spennande arbeid som har gjeve oss ny innsikt og kunnskap. Du får ei nøkkelrolle i å følgje opp og vidareføre arbeidet. Dette er ein stilling som er spennande og utfordrande. Gode prioriteringar, gjennomføringsevne og godt samarbeid med tilsette er avgjerande for å lukkast. Me er ute etter ein person som er motivert, fagleg sterk og som har eit engasjement for god eldreomsorg.  
 

Oppgåver 

  • Ansvar for dagleg drift: Organisering og planlegging av arbeidskvardagen. Sikre nok bemanning med rett kompetanse. 

  • Stedfortredar for kommunalsjef for Helse og Velferd 

  • Syte for at me tilbyr tenester med høg kvalitet og i tråd med lovkrav og lokale føringar. 

  • Planlegging av arbeidstid inkludert arbeid med årsturnus, arbeidsplan, bemanningsplan og ferieavvikling 

  • Bidra i prosessar for å rekruttere og tilsetje 

  • Personalansvar og fagansvar 

  • HMT og kvalitetsarbeid 

  • Samarbeid med tillitsvalde og verneombod 

  • Systemansvar 

  • Vera ein synleg og motiverande leiar 

Lista er ikkje uttømmande 
 

Ynskja kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg utdanning 

  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring 

  • Kompetanse på turnusplanlegging og arbeidstid er ynskjeleg 

  • Gode IT-kunnskapar 

  • Sertifikat klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit krav 

Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4 

 

Personlege eigenskapar 

  • Du er fagleg sterk og har evne til å motivera og rettleia tilsette 

  • Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 

  • Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon 
     

Me kan tilby 

  • Ein spanande jobb der du får utfordra deg sjølv og bidra til å finne gode framtidsretta løysingar for helse og omsorgstenestene 

  • Arbeid på dagtid, utan helgebelastning 

  • Kontor i nytt flott lokale 

  • Ein triveleg arbeidsplass i verdas flottaste bygd 

Løn etter avtale og kompetansenivå 

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta vår rådgjevar hjå Capus Per Jorem tlf. 400 21 560.
Alle førespurnadar til Capus blir handsama konfidensielt inntil anna er avtalt.

Om arbeidsgjevar 

Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 50 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, institusjonskjøkken, heimesjukepleie, fastlegelegekontor med daglegevakt, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, og flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.  
 

Om Ulvik 

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. 

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .  

Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com) 

Våre konsulenter

Per Jorem
Partner og Daglig leder Capus Bergen
Søk på stillingen