Vil DU vera med å utvikla Hardanger?

Vil DU vera med å utvikla Hardanger?

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Daglig leiar
Arbeidsgiver:
Hardangerrådet iks
Sted:
Kinsarvik
Søknadsfrist:
02.09.2024

Kontakt konsulent

Per Jorem

Rådgjevar Capus

Hardangerrådet iks søkjer DAGLEG LEIAR i 100 % stilling

Hardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 4 kommunane/herada Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Hardangerrådet iks si hovudoppgåve er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid. Om spennande aktivitet og prosjekt og informasjon om Hardangerrådet iks sjå http://www.hardanger.com

Hardangerrådet iks arbeider innafor 3 hovudområde:

  1. Politisk samordning og påverknad
  2. Kommunalt tenestesamarbeid
  3. Næringsutvikling

Dagleg leiar er ansvarleg for dagleg drift og utviklingsarbeidet i Hardangerrådet iks og rapporterer til styret og til Representantskapet/Regionrådet.

Hardangerrådet iks søkjer
Dagleg leiar med relevant utdanning og erfaring, som vil sjå Hardangerregionen som sin arena.

Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring i leiing og i prosjektadministrasjon og kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale funksjonar og prosessar.

Me søkjer ein effektiv og ryddig leiar med evne til å fanga aktuelle saker for regionen og som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. I rolla som dagleg leiar i Hardangerrådet iks er det naudsynt å ha fokus på fellesutfordringar som utvikling, samhandling og vekst.
Gode kommunikasjonsevner og eit breitt nettverk innan offentleg forvaltning og privat næringsliv er ønskjeleg. Hardangerrådet deltek også i internasjonal aktivitet.

Det vert utarbeidd arbeidsavtale i samsvar med hovudavtalen for offentleg sektor. Løn etter avtale i offentleg regulativ. Pliktig medlemskap i gjeldande pensjonsordning.
Kontorstad: Kinsarvik /Hardanger.

Søknad med aktuell dokumentasjon vert å leggja inn her: Capus.no

Søknadsfrist er mandag 2. september 2024

Spørsmål om stillinga kan rettast til;
Rådgjevar Per Jorem, Capus mob 400 21 560
Rådgjevar Åslaug Krogsæter, Capus mob 909 13  333
Styreleiar Hardangerrådet IKS, Jon Olav Heggseth, mob 909 56 912

Våre konsulenter

Per Jorem
Rådgjevar Capus
Søk på stillingen